Tilsvar til vurdering

Har vert meg til stor hjelp

Eg skriv ikkje på generell basis, eg er vel det ein kan kalla eit "multi_diagnosert_middelaldrande_individ_" som ikkje var klar over at me som pasientar har vår makt å kunna skriva kva me vil om dei som har via sitt liv til å vera der for oss andre.

Om Silje vil eg berre sei at ho for meg har vert til enorm hjelp sia ho kom heim til bygda og starta som fastlege. Eg hadde då spretta som ein ball frå eine til den andre legen utan å bli forstått, men med ein gong Silje såg meg inn i augene og tok til å sjå etter samanhengane for mine problem skjønte eg at ho viste kva ho gjorde.

Eg vil ikkje gå lengre inn på det enn så. Eg har ikkje noko negativt å sei om Silje. Viss du er heldig og har henne som fastlege så er du i trygge hender.