Tilsvar til vurdering

Empati, respekt og tilstedeværelse

Har hatt Michael Storebø som fastlege over tid.

Eg opplever konsultasjonar hjå han, som trygge, og at han har eit genuint ønske om å hjelpa. Han møter pasienten “der dei er”, slik eg ser det.

Fagkunnskapar er viktig, men vel så viktig er korleis han møter meg, som pasient. Noko som ikkje er gitt i helsevesenet.

Eg vil òg sei at han er ydmyk for det han kan mindre om, og då henviser han vidare.

Grunna geografisk avstand, vurderte eg ei tid å skifta fastlege, men er glad eg valgte å fortsetta hjå Storebø.

Basert på mine opplevelsar med legen, vil eg anbefala han, på det varmaste.