Tilsvar til vurdering
Denne legen gir eg ikkje frå meg!
Eg fann Steinar Helberg for nokre år sidan då legekontoret hans låg nær arbeidsplassen min. Sidan den gong har eg bytta jobb og bur på andre sida av byen, men denne legen gir eg ikkje frå meg.
Han ser meg og tek meg på alvor. Sjølv når han ikkje er samd i det eg sjølv mistenkjer, undersøker han andre mogelege årsaker til kvifor eg opplever det eg gjer. Han har dessutan ein god humor eg set pris på, noko som gjer samtalane lettare og meir menneskelege.
Han er direkte - til tider brutalt ærleg - og nokre kan kanskje oppfatte det som kaldt. For meg er det tvert imot ei styrke. Han er sakleg og tydeleg, utan å pakke ting inn i vatt. Personlegdommen hans er varm, men når det gjeld sjølve faget, går han rett til saka. Det passar meg perfekt, som har jobba heile livet i serviceyrket og veit kor viktig det er med tydeleg kommunikasjon.Dette er ikkje ein lege som avviser deg før du har kome inn på kontoret. Du får faktisk prate ut, vurdere saman kva som bør gjerast, og ta nødvendige testar for å finne ut kva som eigentleg er galt. Ofte er han òg tilgjengeleg på ganske kort varsel, noko som har betydd mykje i ein travel kvardag frå andre sida av byen.
Eg anbefaler han varmt til alle som er på jakt etter ny fastlege - du blir sett, høyrd og teken på alvor.