Tilsvar til vurdering
Dårlig oppleving
Mi dotter på 20 år kom forseint til avtalt time på grunn av ei trafikkulukke på vegen. Ho prøvde i denne ventetida på bussen og ringa nummer for doktor drop in. Telefonen var stengt til 12.30(matpause). Kom ikkje gjennom etter dette heller. Sendte og mail på vegen då ho var ganske så fortvila! Fekk ikkje tak i hudlegen då ingen av dei hadde navn på døra. Då ho endelig fekk tak i Evelina vart ho avvist utan sjanse til å koma inn. Og utan sjanse til å kommunisera kvifor ho var forsein. Hudlegen var lite imøtekommande og rett og slett sur (mulig høgt arbeidspress). Rett og slett dårlig kundebehandling. I tillegg fekk me betalingskrav på 1600kr. Fæl oppleving for ei jente som har vore plaga med utslett i fleire mnd. Kjem aldri til å bruka dei igjen!!!
Kva kan betrast?
Foreslår navn på døra.
Kanskje gå ut og sjå etter pasient etter ei stund (ho sat lenge på venterommet før Evelina kom og henta ny pasient)
Halde telefontidene sine.
Vera høflig og blid